[UBTØ]
[Universitetet i Tromsø]
Petter Dass

Hugins øye

En artikkelserie fra
Universitetsbiblioteket i Tromsø



UB vil , med utgangspunkt i våre nettsider, fortsette med å presentere ulike aktualiteter innen kunnskaps- og forskningsformidling, nye tilbud til våre brukere og nyheter fra biblioteksektoren mer generelt. Vi vil også gjøre leserne bedre kjent med spesielle godbiter fra våre egne samlinger.
 
Ibsen.net
Publisert også i papirutgaven av TROMSØFLAKET, okt - 2006

I år er Ibsen hovudpersonen. Andre ”store” som har måtta delt 2006 med Ibsen, har drukna litt - og det gjeld også utanfor landegrensene. På biblioteket markerer vi Ibsen-året med den flotte utstillinga Å dikte er å se. Det er ikkje for seint å ta ein tur innom. Mange andre bibliotek har gjort som oss, markert Ibsen-året på eit eller anna vis. Nasjonalbiblioteket i Oslo viser høgdepunkt frå eiga samling, den største i verda, og har kalla utstillinga Original Ibsen Her kan ein sjå originalfotografi, karikaturar, originalbrev og manuskript.

 

No når Ibsen-året går mot slutten, kan ein kanskje få svar på spørsmålet: Kor stor var Ibsen, eller kor stor er Ibsen i dag? Kan ein måla det? Eit enkelt barometer er talet på teaterframsyningar, utstillingar, konferansar, radio- og fjernsynsprogram og filmar med Ibsen som forfattar, inspirator eller tema. På nettsida ibsen.net finn du eit slikt barometer. På kva måte har Roma, London, New York og Paris markert Ibsen-året for eksempel? Kor i verda er Ibsen mest populær? Svaret på siste spørsmålet er kanskje Tyskland, etter Noreg sjølvsagt, dersom ein reknar etter kor mange teaterforestillingar landet har bydd på. 11 ulike skodespel av Ibsen har vore viste på store og små scener i Tyskland i Ibsen-året. Peer Gynt er det stykket som har vore sett opp på flest scener, sju til saman over heile Tyskland. Hedda Gabler har vore vist på 6 ulike scener i Tyskland. Skal du til Thüringen før jul, har du ennå sjansen til å sjå Byggmester Solness i den vesle byen Meiningen.

 

Ved å bruka Repertoardatabasen på ibsen.net kan du få svar på mange spørsmål. Her vil du sjå at Hedda Gabler har vore vist på 30 scener det første halve Ibsen-året. Det er sjølvsagt ikkje alt som er registrert, men denne databasen tek mål av seg å registrera alt av Ibsen-oppsettingar som har funne stad sidan 1850. Arbeidet starta for 5 år sidan, og basen har no 4000 postar.

 

Ibsen.net byr også på tradisjonell quiz av typen: ”Hvem blir overkjørt av hest og sledevogn?

- Lille Eyolf, - Snedker Engstrand, - Vilhelm Foldal

 

Kan eg bruka ibsen.net til noko anna enn quiz og barometer? Ja, dersom du er Ibsen-entusiast på reise i den store verda, kan du lett finna ut om dei har høyrt om Ibsen og Ibsen-året der du skal. Dersom du er i Warszawa 15. desember, kan du få med deg premiereforestillinga av Peer Gynt på Montownia Theatre. Slike oplysningar finn du under ”Aktuelle Ibsen-oppsetninger”, som melder om 166 registrerte framsyningar i år.

 

Chile viser Peer Gynt, Fruen fra havet og Et Dukkehjem i løpet av dei tre siste månadene av Ibsen-året. Cuba har valt En Folkefiende, og Gengangere kan du sjå i Jerusalem. Gengangere blir for resten vist på tre ulike scener i Tokyo. Kva med Afrika? Er det nokon der som har høyrt om Ibsen, kan ein spørja. Ja, sjølvsagt! Nanzikambe Theatre i Malawi turnerte med Et Dukkehjem heile mai og juni. Elles har både Mosambik, Zimbabweog Kenya teaterforestillingar med Ibsen. For ikkje å snakka om Egypt! Framfor sfinksen på Giza-platået, men hestar og kamelar, Den Norske Opera og Cairo Symphony Orchestra blir Peer Gynt framført i desse dagar (26. og 27. oktober). På ibsen.net kan ein lesa alt om denne storslåtte forestillinga.

Om du ikkje har vore på ibsen.net før, er det verdt å sjå innom. Eg har berre nemnd ein brøkdel av det du finn der.

 
Magnhild Svenheim, UB
Universitetsbibliotekar
 
Universitetsbiblioteket i Tromsø, Breivika, 9037 Tromsø,
Tlf.: 77 64 40 00, Fax.: 77 64 45 90
Ansvarlig redaktør: Bibliotekdirektør Helge Salvesen

Vev-ansvarlig. Oppdatert: 18.10.2006