[UBTØ]
[Universitetet i Tromsø]
Petter Dass

Hugins øye

En artikkelserie fra
Universitetsbiblioteket i Tromsø



UB vil , med utgangspunkt i våre nettsider, fortsette med å presentere ulike aktualiteter innen kunnskaps- og forskningsformidling, nye tilbud til våre brukere og nyheter fra biblioteksektoren mer generelt. Vi vil også gjøre leserne bedre kjent med spesielle godbiter fra våre egne samlinger.
 
Mens vi ventar på Nynorsk leksikon
Publisert også i papirutgaven av TROMSØFLAKET, februar - 2006

Vi har nettopp lagt bak oss jubileumsåret 2005, og no er det Ibsen-året. 2006 er også Noregs Mållag sitt jubileumsår. Natta mellom 4. og 5. februar, 2006 vart Noregs Mållag skipa i Oslo i samband med eit landsmøte i Venstre. Den første leiaren var Marius Hægstad. Det er verd å merkja seg at ein av initiativtakarane var venstremannen, Hagbart Emmanuel Berner, som også grunnla Dagbladet og var den første leiaren av norsk Kvinnesaksforening. Vi hugsar Noregs Mållags kampanje i haust for å gje plass til nynorsken i Dagbladet og VG. Blant dei 36.000 som støtta oppropet ”Slepp nynorsken til!” var det mange, både tilsette og studentar, frå vårt eige universitet. Likevel er Universitetet i Tromsø ein av dei statlege institusjonane som ikkje fyller kravet til minst 25 % nynorsk eller bokmål. Det er særleg når det gjeld nynorske nettstader, at både høgskulane og universiteta sviktar.

I jubileumsåret ventar nok Noregs Mållag og mange nynorskbrukarar eit skikkeleg løft for nynorsk språk og kultur. Mållaget har lenge arbeidd for nynorsken sin plass i den nasjonale kunnskapsbasen, og eit prioritert område dei siste åra har vore planlegginga av eit nynorsk leksikon på internett. I Soria Moria erklæringa kan ein lesa følgjande om norsk språk: ” Regjeringen vil [...] stimulere til økt bruk av nynorsk i media, og bidra til finansiering av et nettbasert nynorsk leksikon. Offentlige nettsteder skal overholde målloven.” Ein liten start er pengeløyvinga frå regjeringa på 1,5 millionar kroner.

Mens vi ventar på eit digitalt Nynorsk leksikon, kor på nettet kan vi gå for å få kunnskap på og om nynorsk?

Nynorsk kultursentrum http://www.aasentunet.no sine internettsider er ei god kjelde til kunnskap om nynorsk skriftkultur. Ved sida av Nettbiblioteket, som er eit digitalt arkiv med tekstar på og om nynorsk og omtale av nynorske forfattarar, er Nynorsk kultursentrum godt i gang med å byggja opp ein nynorsk kunnskapsbase. Her finn ein mellom anna Nynorsken i årstal, frå 1646, da den første ordboka på bygdemål kom, og fram til i dag. Nynorsk faktabok 2005 gir statistisk dokumentasjon og viser i form av tabellar og figurar korleis nynorsk skriftkultur har utvikla seg. Her finn ein mellom anna statistikk om ungdoms haldningar til nynorsk og nynorskfolks haldningar til innvandrarar. På Noregs Mållag sine heimesider http://www.nm.no, er det også samla viktige tekstar om norsk språkpolitikk frå 1905 og framover.

Jon Fosse-arkivet vil bli ein sentral del av den nynorske kunnskapsbasen. Saman med Det Norske Teatret og Det Norske Samlaget planlegg Nynorsk kultursentrum å byggja opp ein internasjonal informasjons- og dokumentasjonsbase om forfattarskapen til Jon Fosse. I Ibsen-året er det verd å merkja seg at den meste spelte dramatikaren i Europa i dag, skriv på nynorsk. Med Jon Fosse er nynorsk vorte eit stort språk i verda. Som mange andre nynorskbrukarar, opplever Jon Fosse det som nedverdigande å måtta argumentera for språket sitt. Det var den oppgåva Noregs Mållag påtok seg for hundre år sidan, og ennå er det behov for nokon som argumenterer og frontar språket vårt. Vi ønskjer Noregs Mållag lykke til med arbeidet og godt jubileumsår!

Kjelde: http://www.aasentunet.no og http://www.nm.no

Magnhild Svenheim, UB
universitetsbibliotekar
 
Universitetsbiblioteket i Tromsø, Breivika, 9037 Tromsø,
Tlf.: 77 64 40 00, Fax.: 77 64 45 90
Ansvarlig redaktør: Bibliotekdirektør Helge Salvesen

Vev-ansvarlig. Oppdatert:
28.2.2006