[UBTØ]


[Websøk i BIBSYS]
[Universitetet i Tromsø]
Fra biblioteket    - artikler fra Tromsøflaket

Universitetsbiblioteket i Tromsø

[Om UB]

[Fagene]

[Databaser og kataloger]

[UB presenterer]

[Søk i UBs sider]
[Kontakt UB]
I vår faste spalte i Tromsøflaket presenter UB ulike aktualiteter innen kunnskaps- og forskningsformidling, nye tilbud til våre brukere og nyheter fra biblioteksektoren mer generelt. Vi vil også gjøre leserne bedre kjent med spesielle godbiter fra våre egne samlinger.
TROMSØFLAKET NR. 10 - 2002

Fagreferenten - din kontakt på biblioteket

Fagreferent er eit litt gammaldags ord, kanskje fagkonsulent eller fagansvarleg er betre ord. På engelsk bruker ein academic librarian eller subject librarian. Dette er ord som seier at vi er biblioteksfolk. Ein universitetsbibliotekar har eit universitetsfag, matematikk, historie, medisin etc., som sitt spesialområde, men han er også bibliotekkyndig og dokumentalist. Det er på sin plass å bruka ordet informasjonseksplosjon om det vi har sett dei ti siste åra. Derfor treng biblioteket folk som sjølve har god informasjonskompetanse, og som i tillegg kan bidra til å heva den generelle kompetansen til dei som bruker biblioteket.

Fagreferenten si viktigaste oppgåve, slik vi ser det, er å gjera faglitteraturen lett tilgjengeleg. Ideelt sett skal boka stå på hylla når du treng ho, det same gjeld tidsskriftartikkelen, som i vår digitale tid ikkje skal vera meir enn eit par tastetrykk unna. Dette er den servicen du har krav på, om du er grunnfagstudent eller professor. Slik er det dessverre ikkje alltid. Derfor ønskjer vi at du tar direkte kontakt med oss når du ser at biblioteket manglar viktig litteratur. Du kan gjerne be oss finna bøker eller artiklar om eit emne, eller du kan be oss visa deg kor du sjølv kan finna gammal og ny litteratur.

I eit levande bibliotek vil litteratursamlinga naturleg nok fortelja ein del om universitetet sin fagprofil. Nokre fagområde har stått sterkare i Tromsø enn ved andre universitet. Men eit universitetsbibliotek skal også ha ei litteratursamling som viser breidda i faget, og det er fagreferenten som skal sørgja for at viktig litteratur er på plass, helst før behovet melder seg. Eit godt samarbeid mellom fagmiljøet på universitetet og universitetsbibliotekaren er heilt nødvendig for at vi skal kunna yta god service. Ved oppbygging av nye fag er dette ekstra viktig.

Synest du det er vanskeleg å bruka systemet vårt for å lesa elektroniske tidsskrift, er du ikkje åleine om det. Vi hjelper gjerne. Vi kan også gi kurs for ein eller fleire i akkurat dei databasane du eller de har bruk for. For oss er det viktig at gode biblioteksressursar blir brukte, det gjeld både dei trykte og dei digitale bibliografiane, og ikkje minst tidsskrift i fulltekst på nettet. Dette krev evne til å marknadsføra eit produkt, og det er blant anna det vi prøver på i denne spalta. Målet er sjølvsagt at god faglitteratur skal komma ned av hyllene og ut av datamaskinene. På universitetsbiblioteket si startside presenterer vi derfor dei beste databasane våre.

På nasjonalt plan er arbeidet med Bibsys emneportal i gang, ein database over internettressursar som er vurderte av fagfolk og registrerte slik at dei er lette å finna. (Sjå siste nr. av Tromsøflaket). I mellomtida har dei fleste av våre fagreferentar laga internettsider med presentasjon av gode nettressursar. Veit du om gode nettadresser som du meiner andre kan ha glede og nytte av, tar vi gjerne imot tips.

På Universitetsbiblioteket i Tromsø er vi 18 fagreferentar som har ansvar for til saman 38 fag. På biblioteket sine fagsider vil du sjå kven som representerer ditt fag (http://www.ub.uit.no/fag/alfafag.htm).

 
Hans Kermit
universitetsbibliotekar
Magnhild Svenheim
universitetsbibliotekar



Universitetsbiblioteket i Tromsø, Breivika, 9037 Tromsø,
Tlf.: 77 64 40 00, Fax.: 77 64 45 90
Ansvarlig redaktør: Bibliotekdirektør Helge Salvesen

Vev-ansvarlig. Oppdatert: 11.7.2002.