[UBTØ]


[Websøk i BIBSYS]
[Universitetet i Tromsø]
HUGINS ØYE - oktober 1999

Universitetsbiblioteket i Tromsø

[Om UB]

[Fagene]

[Databaser og kataloger]

[UB presenterer]

[Søk i UBs sider]
[Kontakt UB]
Vårt universitetsemblem viser som kjent Odins to ravner. Hugin er navnet på den ene av disse ravner, som sammen med sin ledsager Munin hver morgen flyr ut i verden for å samle ny viten. Hva de ser, forteller de til Odin om kvelden når de kommer tilbake og setter seg på hans skuldre. Sammen representerer de Odins sjel, noe deres navn vitner om: tanke og minne. Myten forklarer Odins allvitenhet.
Gjennom Hugins øye ønsker Universitetsbiblioteket å gi små gløtt inn i det vitensenter biblioteket representerer. Vi tar sikte på at Hugin skal bringe oss ny viten hver måned. Ønsker man derimot å trekke fram gamle minner fra tidligere måneder, kan man klikke på Munin


Forfattaren Lars Berg og arkivet
etter han

Familien til Tromsøforfattaren, Lars Berg (1901-1969), representert ved sonen, Einride Berg, og enka, Aud Berg, donerte sommaren 1999 dei etterlatne manuskripta og privatarkivet hans til Universitetsbiblioteket i Tromsø. Biblioteket set stor pris på denne eineståande gåva og vil etter kvart tilretteleggja materialet slik at det kan brukast til forsking.

Lars Berg er kjend som lærar og skulestyrar, målmann og teatermann, men først og fremst som forfattar. Om Lars Berg er det fleire som har sagt at han var føre si tid. Det gjaldt den opne innstillinga til det seksuelle, særleg i dei første bøkene, men også i arbeidet for ei nordnorsk teaterscene. Bøkene hans vart folkelesnad, men nokre kritikarar var skeptiske. Ikkje alle hadde sansen for dei sterkt erotiske skildringane hans. Under krigen vart Lars Bergs bøker fjerna frå biblioteka. Dei var for umoralske og kom under kategorien farleg litteratur. Like fullt har ein samanlikna Lars Berg med Olav Duun og Aksel Sandemose, og somme meiner han er påverka av Freuds tankar. Sjølv har han sagt at han aldri hadde lese psykoanlytisk litteratur, berre "teke det som låg i lufta".

Lars Berg (1901-1969) Om den første boka til Lars Berg, Men det var det ingen som visste (1934), skriv Eivind Berggrav: "Det som gutter skriver på vegger i uthus, blir ikke kunst ved å komme på trykk." Berggrav er svært indignert over visse avsnitt i boka. Likevel må han innrømma at "ekteskapsnøden er skildret med intens psykologi og er fylt av både alvor og innsikt . Det vanskelige emnet er her helt behersket, både psykologisk og kunstnerisk." Dette er gode ord frå kyrkjemannen Eivind Berggrav. Han får også ros for språkføringa si, og det av ein som slett ikkje er nynorskmann: "Om hele boken gjelder det, at nynorsken - eller samnorsken - er ledig og naturlig, levende og frisk. Sproget røber en kunstner."

Då Lars Berg begynte på lærarskulen i Tromsø hausten 1919, kom han straks med i mållaget Heimhug. Arthur Brox nemner spesielt Lars Berg i skrivet til 25- årsjubiletet i 1923. Han var ein av fleire"djerve og dugande karar . som ikkje var redde å leggja ut til strid når det baud seg eit høve . fanatikarane som dei var kalla". Denne hausten gjekk bølgjene høgt på lærarskulen, og Lars Berg var ein av dei som ikkje stod tilbake. "Beiskare målstrid enn i dei dagane har det vel ikkje vore ved lærarskulen vår", skriv Arthur Brox. I åra seinare vart Lars Berg flittig brukt som foredragshaldar i mållaget. Hausten 1947 talte han om "Radikal litteratur" på ein fest som laget fekk i stand på lærarskulen. Fleire hadde lyst å gå i rette med foredragshaldaren, men sidan det var laurdagskveld og fest, skulle det ikkje vera nokon diskusjon. Lars Berg lova å møta tidleg måndag morgon for å svara på spørsmål. Men dei som skulle "ta" han, "tok" han ikkje. "Var det heile eit utslag av svartsyn og pietisme?" spør Trygve Eidnes i festskriftet til Mållaget Heimhug i 1948.

Lars Berg bar alltid i seg ein sterk uvilje mot pietisme og religiøst trongsyn. Det frilyndte ungdomslaget stod han nær, og kanskje var det her han fekk tanken om ei nordnorsk teaterscene. Amatørteater og ungdomslag høyrde i hop. I alle fall vart han i 1953 den første formannen i Hålogaland teaterselskap, eit verv han hadde i ti år. "Pågåande som eit lemet var Lars Berg. Teatertanken fekk han sett ut i livet før det økonomiske grunnlaget var trygt," skriv Herleiv Dahl i 1970. Målet var å få til eit profesjonelt teater i Nord-Noreg, og denne tanken var klårt uttrykt i formålsparagrafen. Lars Berg var ein av dei som aldri gløymde målet, men først etter han var død, fekk Tromsø sitt eige teater. I 1984 vart Lars Bergs stykke, Petter Dass, oppført på Hålogaland teater. Dette stykket var noko av det siste han skreiv før han døydde. Hålogaland Teater har alltid hatt meiningar om scenespråket- og meiningars mot, og dei har sett den nordnorske dialekten høgt. Det ville nok Lars Berg ha likt å sjå.

 
Utgjevne romanar:
Men det var det ingen som visste (1934)
Du er den første kvinne (1935)
Du skal svare (1936)
Fire søsken går ut (1937)
Han som går først (1938)
Og landet tok til å leve (1939)
Kvinna og havet (1950)
Vi må ro i natt (1951)
Her er sedejord nok (1954)
Du har rett til å leve (1965)
Dei varme kjeldene (1966)
Den lange vegen (1967)

 
LARS BERG-ARKIVET (Privatarkiv nr. 4)

Lars Bergs arkiv Det arkivmaterialet som Universitetsbiblioteket i Tromsø generøst har fått i gave fra familien til Lars Berg er foreløpig plassert i elleve esker. Arkivmaterialet kan deles i to hoveddeler; Lars Bergs manuskripter og hans privatarkiv. Nedenfor følger en grov oversikt over hva Universitetsbiblioteket har mottatt. Tallene viser til de elleve eskene:

  1.  
    • Litterære arbeider blant annet med "Petter Dass"
    • Siste romaner, noveller, dikt, foredrag og taler
  2.  
    • Protokoll, etableringen av Hålogaland teaterselskap 1954-56
    • Korrespondanse angående Hålogaland teaterselskap 1954-60
    • Fagforening Norske (sosialistiske) forfattere 1938
    • Konsert- og teatersal i Tromsø 1946-48
    • Tromsøysund Framhaldsskole 1946
    • Norsk forfatter/dramatikers Forbund
    • Målssaken, blant annet Målfylkestinget 1947
    • Noregs Lærarmållag , skipingsmøte 1934
  3.  
    • Privat korrespondanse fra tiden etter 2. verdenskrig. Inneholder om lag 300 brev fra Lars Berg, og om lag 450 brev til ham.
  4.  
    • "Du er den første kvinne" (1935)
    • Serien om Per Storvik i "Kvinna og havet" (1950) og "Vi må ro i Natt" (1951)
    • "Esaias og den andre" lang novelle - mulig forløper til "Her er sedejord nok" (1954)
  5.  
    • Siste bind i serien om Kjell Skarnes: "Du har rett til å leve" (1965) (Arbeidstitler: "Du skal svare V" og "Lenge før frostnettene.")
  6.  
    • Serien om Thure Granberget i "Dei varme kjeldene" (1966), "Den lange vegen" (1967) og "Fritt menneske" (1968 - ikke utgitt.)
  7.  
    • Manussider - usorterte
  8.  
    • "Petter Dass" (1967-68)
  9.  
    • Foredrag, blant annet om Tsjekkoslovakia 1938
    • Litterær kladd, mye fra mellomkrigstida
    • Taler, blant annet ved avdukinga av Hamsun-bysten 1959
    • Arbeid med romaner
    • Arbeid med skuespillet "Asbjørn Selsbane"
    • Romanframlegg: "Jørgen Jardmann"
    • Skuespillet "Bedriftsjubileet."
  10.  
    • Manussider - usorterte
  11.  
    • Samla dikt, blant annet samlingen "Steingaren framfor havet."( 1961- ikke utgitt)
    • Samla prologer
    • Skuespillet "I det stille hus" (1968)
    • Skuespillet "Vi vil og leve" (1950?)
    • Noveller

 
Magnhild Svenheim
Rune Blix Hagen

  



Universitetsbiblioteket i Tromsø, Breivika, 9037 Tromsø,
Tlf.: 77 64 40 00, Fax.: 77 64 45 90
Ansvarlig redaktør: Bibliotekdirektør Helge Salvesen

Vev-ansvarlig. Oppdatert: 6. oktober 1999.